Mine siste prosjekt

 

Ja, eg veit at eg har litt for mange UFOar liggande, men det fine med det er at det er eg som bestemmer i mitt eige hus!

Eg er jo trass alt Strikkebitsj, for pokker!

SAKNAR DU JULA?

Trykk på juleknappen under hvis saknet etter høgtida blir altfor stort!

  • Facebook
  • Twitter
  • Youtube
  • Instagram

Heisann!

Eg er "Strikkebitsj" - kven er du?

Du kjenner meg kanskje best som Hildegunn Moltubakk.

Og ja, eg heiter framleis Hildegunn. Men den 20. november ifjor tok livet mitt ei ny vending. Det var den dagen eg vart Strikkebitsj på heiltid.

 

 

 

Etter å ha vore gift med same mann, fyr, type, knøl, tamp, kall, - eller kall det kva du vil - i 35 år - så er eg no relativt nyseparert. For i november i fjor skjedde det uunngåelege: Per-Leif og eg hadde krangla om korvidt han var nøydd til å kle seg fint i eit juleselskap vi skulle i. (Han nektar på generelt grunnlag å ha på seg skjorte og slips, og trivast best i joggebukse... Du ser det for deg, ikkje sant?)

Etter at krangelen hadde roa seg ein smule, ville han smiske seg innpå meg igjen med umiddelbart å invitere meg på campingtur i campingvogna vår, noko eg på ingen måte var så veldig gira på. Hans definisjon på campingtur er nemleg å flytte vogna max 15 kilometer frå heimen, og så skal vi liksom berre sitje der og glo på kvarandre i ei tilfeldig busslomme... 

- Blir ikkje aktuelt! sa eg. 

- Kvifor ikkje? spurde han.

Og då måtte eg berre seie det slik det var:

- Fordi campingvognlivet aldri har appellert til meg! Eg forstår ikkje poenget med å sitje i ei vogn på ein parkeringsplass ein ti minutts biltur frå min eigen heim, for å sove på harde madrasser og drikke tynn pulverkaffi til frokost neste morgon! Eg orkar det berre ikkje! Dessuten har eg eit strikkeprosjekt eg må ha ferdig, sa eg. 

Då vart Per-Leif snurt som ein femåring som ikkje hadde fått julegåva si. Han var stille nokre sekund. Så sa han at han hadde lyst til å kalle meg noko som han hadde helde inne i årevis. Eit stygt ord som skulle beskrive kven eg er.  

- Bring it on! sa eg.

- Ja, du kjem ikkje til å like det.

- Neivel? sa eg. Men likevel har du tenkt å seie det?

- Ja...

- Greitt, men om du seier det, så vit at døra er der - og då er det ingen veg tilbake.

Så trekte han pusten med augene igjen og sa:

- Du er ei.... Du er ei Strikkebitsj! 

Så peikte eg på døra, og ba han om å ikkje sjå seg tilbake. Han song og spratt og jubla seg ut til bilen, hekte på campingvogna, og sidan har vi hatt svært begrensa kontakt. Og same kvelden bestemde eg meg for følgjande:

- Hvis han vil kalle meg for ei Strikkebitsj, så får eg vere ei Strikkebitsj! Og det har eg vore sidan...  

 

  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?