Søk
  • strikkebitsj

Å tenke som ein strikkekrimforfattar

Det er ei herleg påkjenning å våge å kalle seg sjølv strikkekrimforfattar. Men eg kan ikkje love drap, altså.


No går det uansett i krim frå morgon til kveld. Mange spør meg om eg kan skrive dei inn i krimboka mi, og enda fleire spør om eg kan halde dei fint utanfor.


MASKEDRONNINGA

Berre for å gjere det heilt klart: Alt eg skriv i den nye strikkekrimmen, "Maskedronninga", er rein fiksjon. Det kan hende at nokon vil kjenne seg igjen, men det er i så fall ikkje tilsikta. Boka er sjølvsagt inspirert av livet sjølv, for det er jo ikkje mogleg å skrive utan å vere påverka av sitt eige liv. Men om du skulle kjenne igjen nokon av drapsmotiva dine, så kan eg forsikre deg om at det er heeeeeiiilt tilfeldig. Og dessutan - må det vere drap i ein krim for at det skal vere spanande?


KAN IKKJE LOVE DRAP, ALTSÅ!

Vi får sjå, eg kan ikkje love drap - men eg kan heller ikkje utelukke det. Eg skriv i krysningspunktet mellom Jo Nesbø, Agatha Christie og Torbjørn Egner, og drapa mine blir eventuelt så nusselege som mogleg. Denne skrivemodellen er eg heilt aleine om, og eg reknar med den vil setje eit kraftig preg på denne nye sjangeren eg har kome opp med: strikkekrim. Og eg var først ute med å lansere strikkekrim, ikkje tru noko anna! Om det dukkar opp andre strikkekrimbøker som ikkje krediterer meg - i det minste eit takk for andeleg inspirasjon - så blir det høgst sannsynleg riksrett - eller noko anna ubehageleg. ;)

"Eg skriv i krysningspunktet mellom Jo Nesbø, Agatha Christie og Torbjørn Egner"

Nei, folkens - no må eg hive meg i skrivinga! Eg driv og lagar eit svært spanande persongalleri i strikkeklubben "Rundpinnebrennarane". Eg kan røpe at ein av hovudpersonane heiter Tove-Gunn - det same som mor mi. Namnevalet er heeeeiilt tilfeldig, forøvrig!


SPLEIS.NO

Men for å få til dette, er eg avhengig av di hjelp. Boktrykking kostar, og difor kan du bistå prosjektet ved å førehandsbestille "Maskedronninga" på Spleis! Gå inn på

www.spleis.no/project/96303 og les meir - du har berre 33 dagar på deg! Boka skal etter planen utgjevast på Kolofon forlag, og blir i så fall ferdig i god tid før jul!




275 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?