Søk
  • strikkebitsj

Det er skummelt å skrive krim!

Oppdatert: 11. feb. 2020

Hadde eg visst kor tøft dette kom til å bli, så hadde eg kanskje tenkt meg om to gonger. Men det er for seint å snu. No veit eg i det minste korleis Jo Nesbø har det.


Eg har aldri vore redd noko før, med unntak av heftig rekkeviddeangst på kokte poteter når eg har middagsgjestar. Difor koker eg alltid 7 store poteter per person, og difor har eg alltid eit lass med gårsdagens restepoteter i kjøleskapet. Slik er det berre, og det kjem ikkje til å endre seg.


Men etter at eg tok til på strikkekrimprosjektet mitt, Maskedronninga - våknar eg om nettene av den minste lyd. Igår natt våkna eg av mi eiga kremting, kasta meg rundt i eit gigantisk Ninja-hopp på motsett side av senga, ramla ned på golvet - og der fann eg jaggu meg bakstykket på ein øyredobb eg har sakna sidan romjula. Så ikkje så gale at det er godt for inkje. Men nervane er altså i høgspenn.


Ikkje for å skryte, men eg skriv ganske så skummelt. Eg fekk ein betrudd ven til å lese eit kapittel her om dagen, og ho vart så redd at eg måtte følge henne heim igjen. Og då vi kom fram til henne, vart eg så redd at mannen hennar måtte følge meg tilbake!

"No om dagen tør eg berre sitje med ryggen mot veggen."

Folk prøver alltid å ha hevd på kva som er god humor, men frå no av er det skumleskalaen som gjeld, og eg ser meg over skuldra berre eg går i postkassa. I går skulle eg ta ein kaffi med nokre vener på det lokale kjøpesenteret, men eg måtte berre snu. Den einaste ledige stolen i lokalet stod med ryggen vendt utover i lokalet. No om dagen tør eg berre sitje med ryggen mot veggen - der det er langt mindre fare for bakhaldsangrep. Ja, no veit eg nøyaktig korleis Jo Nesbø har det!


TEMATIKK

Men du lurer kanskje på kva eg skriv om? Bra spørsmål! Eg har tidlegare presisert at eg skriv i krysningspunktet mellom Jo Nesbø, Agatha Christie og Torbjørn Egner - men eg trur eg må få justere meg litt: Eg kan seie så mykje som at det blir drap. Men kva er eit drap? Fins der drap som ikkje innebærer tap av liv?


Og der mange andre krimforfattarar sine seriemordarar arrangerer symbolkode-rebusløp for etterforskarane, let eg hovudpersonen min - den lidenskaplege strikkaren Tove-Gunn Hovdenakk, nøste opp gåtene sine med mellom anna hjelp av hørsel og lyd. Folk trur nemleg ikkje kva dei høyrer lenger, men berre det dei ser - og dette veit Tove-Gunn å nytte seg av. Men ho ber på ei mørk og pinleg hemmelegheit, som har det med å kome til syne når ho er på sitt mest engasjerte. Heldigvis har ho ein god alliert i mannen sin, Kjell-Sindre - men er han så godsleg og trufast og snill som alle skal ha det til?


STRIKKEKLUBBEN

Utgangspunktet for dramatikken er den lokale strikkesirkelen "Rundpinnebrennarane" - ein strikkesirkel som berre har 7 medlemer, og opptak berre éin gong kvart sjuande år. Den einaste måten å framskunde eit nytt medlemskap på, er gjennom arv og naturleg avgang...

Men eit nytt medlem skaper forvirring og mange spørsmål i strikkesirkelen. Og så tek mystiske ting til å skje.


Det går mange rykter om "Rundpinnebrennarane" - mellom anna vert det sagt at ein må gå spissrotgang i ein halvtime blant dei andre medlemmane medan dei stikk deg heftig med pinne nummer 3 eller mindre.


Det vert òg hevda at dei beherskar eit mystisk språk som gir dei overnaturlege krefter. (...) Og krimbok blir det, altså - koste kva det koste vil! Men om minst 700 personar førehandsbestiller boka via spleis.no innan 1. april - blir boka ferdig til julehandelen 2020 - og du får den rett steikje heim i postkassa di! spleis.no/strikkebitsj


189 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?