Søk
  • strikkebitsj

Hald an, Erna!

Oppdatert: 26. jan. 2020

Litt dumt å skrape i hop ei ny regjering utan å snakke med meg først!


Men først av alt: Gratulerer med ny regjering! Det er alltid stas med noko nytt og fint, og det der veit eg alt om: Ifjor utsette eg rydding og vasking av bilen min så lenge at det vart heilt uuthaldeleg. Men i staden for å hente fram bøtte, klut og støvsugar tok eg berre og kjøpte ein ny bil.


Men for ei spanande tid det blir for deg framover, då! Utan fleirtal må de jo faktisk jobbe med sak for sak – rett og slett drive med ekte politikk, og det er jo fint å få oppleve det òg. Og så var det jo festleg med dei to kampkattane frå Venstre, då – som tårevått har lova kvarandre å ikkje frese mot kvarandre igjen. Det var som mi gamle og kloke bestemor sa: «Gje meg ein limousin og ein privatsjåfør, og eg er ven med kven som helst.» Forresten er det fint om du kan minne Abid Raja om at det er regjeringsmedlem han har blitt, og ikkje vinnar av eit reality-show. Under nøkkeloverleveringa skulle ein tru at han nettopp hadde vunne Kjendis-Farmen.


«Gje meg ein limousin og ein privatsjåfør,

og er ven med kven som helst."


NAMN PÅ STATSRÅDAR

Men det er rart med det – før om åra kunne eg namnet på alle statsrådar i alle regjeringer. Det var akkurat som om det gjekk sport i det. Alle oppegåande folk visste kven som sat i regjering. Men i dag kan eg berre namna på eit fåtal til eikvar tid, og uansett kor mykje eg øver får eg dei ikkje til å sitje i frontallappen!


Ja, i dag hugsar eg knapt kva du heiter, Elsa! Det kan jo sjølvsagt ha noko med at eikvar ny regjering diktar opp nye statsrådspostar fortløpande. Men eg har eit tips: Dropp desse kombinasjonsnamna på statsrådar. Eg trur det kan ligge noko der. Du treng til dømes ikkje kalle posten til Olaug Bollestad for «landbruks- og matminister». Dei fleste i Noreg veit at det nettopp er mat som er biproduktet frå landbruket. "Landbruksminister" skulle vere dekkande nok, okay?


«Dei fleste i Noreg veit at det nettopp er mat som er biproduktet frå landbruket.»



Statminister Elsa Solbjerg - oppfinnaren av "Hauglie-finta". BILDE: www.regjeringen.no PS! Bildet er manipulert.

«HAUGLIE-FINTA»

Men du skal ha for Anniken Hauglie-operasjonen! For ei finte, kjære statsminister! Der andre hadde blitt ståande og kope, berre geleida du henne stille og elegant ut bakdøra – slik at både statsminister, regjering og ikkje minst Hauglie sjølv slapp å ta ansvar for NAV-skandalen. Dette var fornøyeleg og underhaldande, og viser at nettopp underhaldning er noko framtidige regjeringer må satse på. Ja, no kan heile NAV-styret berre koke vekk i kålen! Det er sjeldan eg ler så godt, Solbjørk. Terningkast 6 frå meg, altså!


LYSBAKKEN = AMATØR, ASS!

Det var jo dette dåverande statsminister Jens Stoltenberg burde ha forstått i 2012, då Audun Lysbakken måtte gå frå statsrådsposten sin. Hugsar du kor latterleg amatørmessige dei var og tok ansvar for at Lysbakken sitt departement hadde tildelt kulturmidlar til Sosialistisk Ungdom? No sat rettnok ingen urettmessig fengsla på grunn av denne feilen, og det gjekk ikkje utover eit einaste enkeltmenneske - men likevel ga Lysbakken frå seg nøkkelen til kontoret sitt! Ja, då lo eg godt, ass!


Men du har skjøna det, Ebba! Fotballspelaren Jan Åge Fjørtoft stod i si tid for den berømde «Fjørtoft-finta». Og du vil for alltid verte hugsa for «Hauglie-finta». Du har verkeleg forstått dette med strategi, Elvira! Lukke til med den nye regjeringa - og sei i frå hvis de treng nye lusekofter! Eg strikkar slike i blinde!

804 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?