Søk
  • strikkebitsj

Inventarfordeling og UFOar!

Oppdatert: 21. jan. 2020

Det er framleis den store snakkisen i bygda at mannen min og eg har teke ut separasjon. Og eg er visstnok den store, stygge ulven.


Rykta på bygda skal nemleg ha det til at eg har pressa Per-Leif til å bu i campingvogn, og vil ikkje gje mannen så mykje som ein pinnestol i inventarfordelinga. Kjære kirkefolk: Mannen vil bu i campingvogna si! Det er dette han vil! This is a dream come true for fyren! Han har drøymt om å bu i campingvogn sidan vi gifta oss i 1985! Så no seier eg det i klartekst:

Vi har hatt inventarfordeling, og Per-Leif vil ikkje ha noko anna enn fiskeutstyret sitt, kleda sina, ei Rubiks kube og det campingvogna allereie var utstyrt med, okay? Eller ser du for deg at han skal stappe inn ein 9-seters vinkelsofa, ei vaskemaskin, ei grillhytte og eit spisebord for 12 personar inn i ei vogn med ei golvflate på 14,79 kvadratmeter???


FOTO: Siv-Perdis Urkegjerde Hespeseth

Så dersom eg no kunne fått lov til å sleppe blikkinga på Rema, Meny, Blåhuset, Amfi-senteret, Shell, Pizzabakeren og you name it - så hadde det vore stas, kjære sambygdingar! Mykje fint kan seiast om folk frå Ulsteinvik, men éin ting skal vi ha: Vi let ikkje sjansen til å pynte på sanninga gå frå oss utan kamp...

Elles er eg i full gang med nye strikkeprosjekt. Eg har hatt opptelling, og det viser seg at eg har heile 19 UFOar liggande. (For dei uinnvidde: UFO = påbegynt strikkeprosjekt). Og - ja, eg innrømmer det: Alt styret med separasjonen går utover strikkefokuset - og det irriterer meg grundig. Eg sa til terapeuten min igår (JADA! Eg har terapeut!) at eg jobbar hardt med å redusere talet på UFOar, men eg greier liksom ikkje å la vere å begynne på noko nytt. Er det fleire som har det slik?


Det er akkurat som om strikkepinnane kviskrar til meg: "Heeeei! Psssst! Strikkebitsj! Du vil ikkje hoppe over på eit nytt prosjekt, då? Kom igjen! Det er ikkje farleg! Kom igjen - ta ein pinne!"

Eg har faktisk aldri prøvd narkotika, men eg føler meg rimeleg sikker på at narkosug og nytt-strikkeprosjekt-før-det-gamle-er-avslutta-sug er noko av det same. Men eg skal klare det. Til våren skal eg vere nede max 5 UFOar. Eg lovar!

241 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?