Søk
  • strikkebitsj

Kan ikkje austlendingar norsk?

I dag har eg sjekka trykkeprisar og slikt på den nye krimboka mi. Trur eg fornærma ein forlagsfyr. Han hadde i alle fall ein merkeleg måte å ordlegge seg på.


I e-posten spør eg forlagskonsulenten om trykkeprisar per bok, og i svaret sitt spør vedkomande: "Hvordan bok skal trykkes?" Eg greidde ikkje å dy meg i tilsvaret mitt, og skreiv noko slikt som at eg var i tvil om dette var rette forlaget så lenge språkkunnskapane var på det nivået. Men eg la på eit latterfjes av typen 😆. Det skal eg ha. Men eg trur ikkje det fall i så god jord.


Kan eigentleg austlendingar prate?

Så då pirka eg enda djupare i såret og skreiv i neste epost: "Dersom du meiner "Hva slags bok?" så er det ein krim."

"Kyss meg der eg er høgast når eg plukkar blåbær!

I det neste svaret kunne eg føle at kisen kokte, for han kommenterte ikkje si eiga språkføring i den førre e-posten, men gjentok på same vis: "Jeg spurte ikke etter sjanger, men hvordan type bok med hensyn til tekniske spesifikasjoner."



Riksmålsforbundet seier: "Merk at hvordan ikke kan brukes som et spørrende pronomen.

Det er utelukkende et spørrende adverb og kan bare stå foran et verb: Hvordan har du det?

Det heter ikke: Hvordan fotografiapparat har du? men Hva slags fotografiapparat har du?"


Eg høyrer òg austlendingar ofte seie "Hvem bil kjører du?" Prøv å seie det på nynorsk, då! "Kven bil køyrer du, liksom?" Eg ler! Og slike austlendingar trur at det er dei som snakkar norsk, medan vi i distrikta snakkar berre ei tøysete dialekt. Kyss meg der eg er høgast når eg plukkar blåbær!


Nei, no må eg skrive vidare på strikkekrimmen min. Så då seier vi at vi er ferdige med å spørje om "Hvordan bok er det" og slikt, greitt? Ser eg slikt frå folk éin gong til skriv eg dei inn i ei komplisert mordgåte. Og det blir ikkje pent.


1,458 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?