Søk
  • strikkebitsj

Med di hjelp blir eg krimforfattar!

Oppdatert: 23. jan. 2020

Ja, du las rett! Eg har sett meg grundig lei på at det ikkje fins ein einaste krimroman frå det norske strikkemiljøet! Eller frå det internasjonale strikkemiljøet, for den del!


Hadde kriminalforfattarane berre visst kor mykje baksnakking, bakvasking, triksing, miksing og møkkete spel som pågår i kulissene i norske strikkesirklar - ja, så kunne dei ha forsynt seg av ei gullgruve. Men sidan ingen andre gidd, tek eg tastaturet i eiga hand! Med di hjelp blir eg krimforfattar i den nye banebrytande og sofistikerte krimsjangeren; strikkekrim!


Høgst sannsynleg verdas første strikkekrim!

Manusproduksjonen er alt i gong, og eg kan love deg ei strikkekrimbok som skal få det til å krype kaldt nedover strikkepinnane dine! Om du ikkje er lettskremt frå før, så skal eg gjere mitt beste for at du alltid kikar deg litt ekstra over skuldra når du sit du sit i godstolen og strikkar på dei mørkaste kveldane. Du trudde kanskje du var aleine? Mohohahaha!


DI HJELP

Men, eg treng di hjelp for å fullføre boka: For å kunne setje boka i produksjon treng eg minst 1000 førehandsbestillingar av "Maskedronninga" via spleis.no.


Klikk deg rett inn på https://www.spleis.no/project/96303

og les meir om prosjektet, og korleis du kan bli blant dei første som sikrar deg verdas første strikkekrimroman. Du har berre ein drøy månad på deg til å førehandsbestille boka, men eg treng 1000 førehandsbestillingar for at det heile skal bli ein realitet. Om eg ikkje når 1000 får alle pengane sine rett steikje tilbake. (La oss håpe det ikkje skjer, for eg har allereie bestilt bord på Theaterkaféen i Oslo til boklanseringa...)


PS! Alle som førehandsbestiller "Maskedronninga" via Spleis er med i trekninga på eit besøk av meg til din strikkeklubb!!!


Dette er så stas, folkens - og eg kjenner at eg frys på ryggen allereie. Eg skriv nemleg ganske så skummelt. Ja, og så har eg éin beskjed til Jo Nesbø: Eat your heart out, kiddo!


358 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?