Søk
  • strikkebitsj

Telefonskikk, takk!

Kvifor i helsike tek du telefonen for å fortelje - med brysk stemme - at du ikkje kan snakke?


Sjølv om eg er fødd tidleg på 60-talet, er eg på ingen måte hjelpelaus når det gjeld teknologiske duppedittar. Ja, trass i at eg strikkar meir enn gjennomsnittet, handterer eg både SMS, mail, Facebook, Twitter og Skvatter. Men innimellom er det fint å ringe folk. Ikkje nødvendigvis for å jatte tomt om kva eg hadde på brødskiva til frokost og kva eg skal sjå på TV i kveld, men fordi eg treng informasjon kjapt. Og ringelyden er som regel meir markant enn SMS-lyden, og då aukar sjansen for å få folk i tale. I tillegg blir det ofte misforståingar når ein sender SMS. Dessutan har vi folk godt av å snakke litt meir med kvarandre. Det blir berre for mykje tasting.



FASTTELEFON: Med sveiv og heile pakka. Av og til ringde det når vi var opptekne med andre ting. Då tok vi ikkje telefonen.

FASTTELEFON

Eg vaks opp i ei tid med fasttelefon. Den stod på telefonbordet ute i gangen, og der var det ofte litt kaldare enn i resten av huset, slik at ein ikkje skulle verte frista til å prate for lenge. Ringing kosta nemleg, og det gjaldt å fatte seg i kortheit. Om du skulle vere så fin på det å ha behov for å ringe rikstelefon, måtte du ha skrive ned ærendet ditt i forkant, rense stemma og stå med rak rygg og telle sekunda - slik at ikkje telefonrekninga sprengde hushaldningsbudsjettet.




"I dag er ringing

blitt ei privat greie."


I dag er ringing blitt ei privat greie, heilt innanfor trusekanten, nærmast - og det er litt frekt å ringe folk du ikkje har ringt til før. Ja, men det må jo vere eit samfunnsproblem når folk får skjelvetokter og vertigo når det dukkar opp eit ukjent nummer på telefondisplayet! Kjære folk! Innimellom folk ha tak i folk som dei aldri har snakka med i før. Og av og til må til og med kjentfolk ha tak i deg, sjølv om du ikkje har lagra dei på telefonen frå før. Så får du heller leve med at det er ein innpåsliten telefonseljar som prøver seg, men då er det jo berre å seie: "Pus, eg har alt eg treng - men takk for at du bryr deg slik om meg - haaa deeeeeet!"


"EG RINGER DEG!"

Men for å få folk i tale i dag, må ein jo først sende SMS om ærendet sitt, og så spørje pent om å få lov å ringe seinare. Hjelpe meg, for nokre persilleblad vi er blitt! Eg har i tillegg ein bekjent - eg skal ikkje nemne namn, men ho er frisør og ei relativt god venninde. Ho har det med å sende meg meldingar av typen: "Hildegunn! Eg ringer deg!" Og så går det 5 sekund, og så ringer ho... Javel, tenker eg då.


Men så altså, til saka - eg måtte ringe ein fyr, fordi eg skal gjere ein slags strikkeshowkonsert, og må kome i kontakt med lydmannen for kvelden. Så eg ringer, og etter nokre sekund seier ei stressa stemme: "Hallo?!" (...) "Ja, hei - det er Hildegunn Moltubakk som ringer!" Så blir han brysk og seier: "Eg er midt i eit møte - eg må få ringe deg seinare!" (...)



No må du skjerpe deg, gut! Ikkje ta telefonen for å seie at du ikkje kan ta telefonen!

KONGEN? ÅGE ALEKSANDERSEN?

Eg blei så irritert at eg kasta garnnøstet i veggen, men så roa eg meg og sa: "Unge mann - kvifor i helsike tek du telefonen for å seie at du ikkje kan snakke, og attpåtil på ein brysk og irritert måte? Møter du opp på innebandytreninga, stiller deg opp i døra og ropar bryskt: "Eg kan ikkje kome på trening i dag!" Nei, du gjer ikkje det! Og sidan eg er i gong: Når du først tok telefonen - og dette var eit ukjent nummer, midt i det kjempeviktige møtet ditt - kven er det du eigentleg kan snakke med frå ukjente nummer under slike viktige møter? Kongen? Åge Aleksanderen? Firmenningen til Erna Solberg?"


Ein fin metode som vi brukte før i tida, og som fungerer kjempefint den dag i dag, er å

trekke ut ledninga på telefonen om ein ikkje er i snakkehumør. Og mobiltelefoner i dag er faktisk så avanserte at dei både kan skruast av, setjast på lydlaus og til og med leggast heilt vekk i eit anna rom. Og eit godt råd heilt til slutt: Neste gong du får ein telefon som du ikkje kan ta fordi du er veldig oppteken med andre viktige ting - så er mitt råd: Ikkje ta den. Okay?


645 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
  • YouTube
  • White Facebook Icon
  • White Twitter Icon
  • White Instagram Icon

Gullkorn frå Strikkebitsj:

"Den som strikkar

syndar litt mindre enn folk flest..."

"Eg tenker på ingen måte at strikking er meininga med livet. Men det er ikkje langt unna..."

"Jo Nesbø - eat your heart out, kiddo!"

"Gamal? Eg? Nei, eg føler meg framleis meir enn ung nok til å bli riven bort så altfor tidleg, som dei seier."

NOKO DU LURER PÅ, VENNEN?